Eit lite glimt av mine vakre naboar! Linus og Freyja er bestefar og barnebarn, begge reinrasa skogskattar.
mandag 22. mars 2010
Lukka er ein raud tråd!
… eller for den del treng den egentlig ikkje å vere raud. Kvit hyssing er like kjekk. Innkjøpte leiker derimot, er sjeldan populære!
Oi, tråden bevegar seg! Endeleg nokon som gidd å leike litt!
Legg merke til at tråden er tredd gjennom løkka på ledninga. Det er Mitzi som har gjort det sjølv.
onsdag 3. mars 2010
Pass på pus!
Eg har husarrest!
Annika er visst veldig rett fuglar… Ho har ikkje fått med seg at eg er ein svært dyktig jeger…!
Men, men, eg har ikkje akkurat så mykje imot å vere inne. Det er så kaldt ute uansett!
Årsaka til husarresten er visst ørn, seier Annika.
mandag 1. mars 2010
Mitzi og rulletekst
Mitzi syns ganske ofte at tv’en er fascinerande, og av og til får vi festa det heile på film :) Sjølvsagt var ho endå meir interessert før eg begynte å filme, men fekk iallfall med litt her.
torsdag 11. februar 2010
Berre eit lite livsteikn
Annika har knipsa nokre bilder av meg igjen, både ute og inne. Det er heldigvis ikkje altfor kaldt ute no, så eg kan vere ute i små doser, helst når Annika eller Sindre er med, vel og merke!
God veke til alle fans! Mjau Mitzi!
søndag 31. januar 2010
Det er travelt å vere modell…
…så då er det viktig å få vaske seg innimellom, så blir Mitzi så fin, så fin!
Men no er det nok – hadet!
Meir snø – photosession med Mitzi
Ettersom det kom meir snø no, var Mitzi “innesperra” eit par dagar.
Då veien blei pløgd i går, var det stor lukke for Mitzi, og ho ræste seg nokre runder opp og ned, og litt utforsking innimellom.
Med kameraet lett tilgjengleg nytta eg høve til å knipse nokre bilder:)
Fine Mitzi!