fredag 18. november 2011

HAR DU SETT MITZI?


Mitzi

Vi saknar katten vår i Indredalen i Brandal. Mitzi er ei fem år gamal kastrert frøken, gråspragla med kvitt i panna og på tre potar. Ho er ei bestemt frøken, og likar absolutt ikkje å bli holdt i hendene.

Ho forsvann onsdag 16. november. Ho brukar ikkje vere ute lenger enn eit par-tre timar i gongen – derfor fryktar vi at noko har skjedd ho no.

Men sidan vi ikkje finn ho nokon stad i bygda påkjørt eller skada, har vi eit ørlite håp om at ho kan ha sneke seg inn ein plass ho ikkje skulle, og deretter blitt innestengt. Hadde derfor blitt veldig glad om sambygdingar kunne sjekka garasje/uthus/løe etc for ein titt.

Ho lyder namnet sitt når vi roper på ho, men kanskje ikkje med fremmede.

Om du har sett ho, anten i live eller påkjørt ein plass, håper vi du tek kontakt! Alle tips mottas med stor takk.

Beste helsing Annika og Sindre
Mobil Annika 408 409 00

Del gjerne vidare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar